Problem med uopna post via eFormidling

Post gjennom tenesta eFormidling blir ikkje opna av alle mottakarane. NPE jobbar no for å kartleggje omfang og konsekvensar.

Skriv ut Bokmål | English | 7. september 2023

I mars i år tok NPE i bruk løysinga eFormidling (ekstern kopling) der det er mogleg å sende ut teiepliktig post via Altinn. Det gjaldt brev til verksemder, ikkje til erstatningssøkjarar eller andre privatpersonar.

Dette er ein sikker, nasjonal kanal frå Digitaliseringsdirektoratet. Verksemdene som tek imot post gjennom kanalen har ansvar for å sørgje for at dei har tilstrekkelege tilgangar til å opne post. Dette gjeld òg alle andre løysingar i Altinn.

Manglande oppsett og rutinar hjå mottakar

NPE stoppa utsending til fastlegar før sommaren og til NAV-kontor i sommar, etter tilbakemeldingar frå mottakarane om at dei ikkje var rigga for å opne posten.

NPE har no fått ei oversikt frå Digitaliseringsdirektoratet som viser at om lag 2000 brev frå NPE ikkje er opna av mottakaren. Dette er verksemder som NAV, advokatkontor, legesenter, tannlegar og andre helseverksemder.

- Vi går no gjennom lista av uopna dokument og vurderer kva for konsekvensar dette har fått. Det vi uroar oss for, er om dette har ført til lengre saksbehandlingstid for enkelte erstatningssøkjarar, seier direktør Kristin Cordt-Hansen.

Posten inneheld mellom anna brev der NPE ber om journal og andre opplysingar, og brev til advokatar som mellom anna kan omhandle fristar i saksbehandlinga.

Nokre av breva, typisk til advokatar, er opna i NPE sin saksbehandlingsportal Mi side. Talet brev som ikkje er opna av mottakar er difor lågare enn det som står i lista frå Digitaliseringsdirektoratet.

Heldigvis har ingen personsensitive opplysingar kome på avvegar. Dokumenta ligg trygt i innboksen til mottakaren, men er ikkje opna.

- Vi vil vite meir når kartlegginga er ferdig og då kan vi vurdere kva for tiltak som er aktuelle. Dette skal ikkje få negative konsekvensar for erstatningssøkjarane, seier Cordt-Hansen.

Les meir om eFormidling og teiepliktig post (ekstern kopling)

Les meir om problem med uopna og avvist digital post i Bergen kommune (ekstern kopling)