Vi innfører eFormidling for utsending til verksemder

8. mars innfører vi den nasjonale fellesløysinga eFormidling for å sende ut dokument til verksemder.

Skriv ut Bokmål | English | 16. mars 2023

Løysinga gjer det mogleg å kommunisere digitalt på ein enkel og sikker måte, utan å måtte ta omsyn til om mottakaren er ei privat verksemd, offentleg verksemd eller innbyggjar.

Kva tyder dette for private verksemder?

Private verksemder får dokument frå oss i Altinn. Vi sender dokumenta som post med teieplikt. Difor må nokon i verksemda ha tilgang til å laste ned post med teieplikt.

Les meir om riktige rettar i Altinn.

For advokatar som brukar Mi side vil dokumenta òg vere tilgjengelege der.

Kva tyder dette for offentlege veksemder?

Offentlege verksemder som brukar eFormidling, tek imot dokumenta direkte i saks- og arkivsystemet sitt.

Kommunar og kommunale undereiningar som har KS FIKS får dokumenta i SvarInn-innboksen sin.

Viktig informasjon om filstorleikar

Vi brukar versjon 1 av eFormidling. I denne versjonen er det ei avgrensing på kor store dokument du kan sende til oss.

Offentlege verksemder kan sende inntil 75 MB, medan private verksemder kan sende inntil 40 MB per sending.

Om du har eit dokument som er større en dette, må du dele det opp i fleire sendingar.