Behandling på kontinentalsokkelen

Pasientskadar som skjer på kontinentalsokkelen fell i utgangspunktet ikkje inn under pasientskadeordninga. Pasientane kan altså ikkje søkje om erstatning hos NPE.

Skriv ut Bokmål | English | 23. mars 2017

Det er i utgangspunktet berre skadar som skjer i riket, med Svalbard, som fell inn under ordninga. Vi reknar ikkje kontinentalsokkelen som ein del av riket.

Om ein pasient som arbeider offshore på kontinentalsokkelen får behandling av norsk, autorisert helsepersonell ute på kontinentalsokkelen, vil det falle utanfor ordninga. Verksemder som gir behandling ute på sokkelen må difor ordne seg eigne forsikringar utanom NPE.

I nokre tilfelle kan det vere tvil om behandlinga går føre seg på kontinentalsokkelen eller ikkje.

Nokre eksempel:

  • Er ei behandling starta opp på fastlandet, og legen på fastlandet berre følgjer opp pasienten per telefon medan han er på jobb ute på sokkelen, vil det vere omfatta av ordninga.
  • Er behandling starta opp og skjer ute på kontinentalsokkelen, men helsepersonell på sokkelen tek kontakt per telefon med ein lege på fastlandet, er dette framleis å rekne som ei behandling på kontinentalsokkelen. Denne behandlinga er ikkje omfatta av ordninga.
  • Blir pasienten sendt inn frå kontinentalsokkelen til behandling på fastlandet i Noreg, vil behandlinga på fastlandet og eventuelle skadar som oppstår som følgje av ho, vere omfatta av ordninga på vanleg måte.

Om behandling ute på kontinentalsokkelen skal vere ein del av pasientskadeordninga, vil det kreve ei endring i lov eller forskrift. Per i dag er det ikkje gjort noko slik endring.