Mi side

Har du sendt inn søknad om erstatning, kan du følgje saka di på Mi side.

Skriv ut Bokmål | English | 12. november 2020

På Mi side kan du følgje saka di, sende inn dokumentasjon og kommentere saka etter kvart.

Desse kan bruke Mi side

Du kan bruke Mi side om du har søkt om erstatning og du er pasienten.

Viktig å vite:

  • Har du ein advokat som representerer deg, har du berre lesetilgang på saka di i Mi side.
  • Har du verje, kan du diverre ikkje bruke Mi side.

Innlogging

Fyrste gongen du loggar inn, må du gi samtykke til å bruke Mi side og ta imot SMS-varsel.

Lenke til innlogging finn du i boksen under videoen.

NB: Nettlesaren Internet Explorer er utdatert og er ikkje lenger støtta av Mi side. Vi tilrår at du brukar ein annan nettlesar, som til dømes Chrome, Microsoft Edge, Firefox eller Safari.