Ventetid og korleis saksbehandlinga skjer
Kort forklart korleis saksgangen hos oss går føre seg og kor lang tid det vil ta å behandla saka di. Det er også ventetid før me startar å behandla saka di.
Om det blir kort eller lang tid å vente, er avhengig av forholda i den enkelte saka.
Alle vil få informasjon undervegs i saka si.
Fra vi mottar søknaden din, til vi starter å behandle den, kan det for noen saker ta inntil 16 uker.
Svar på søknad om erstatning
Det tek i snitt i underkant av sju månader frå vi tek imot søknaden, til du får vite om du får ja eller nei.
Utrekning og utbetaling av erstatning
For deg som har fått medhald, tek det i snitt sju månader i tillegg, før du får utbetalt erstatningssummen.
Variert ventetid
Kvar sak blir vurdert individuelt og konkret, og vil ha forskjellig behov for medisinsk og juridisk utgreiing. Ventetida vil difor variere mykje.
Grafen nedanfor viser ventetid for sakene me behandla i 2022. Søylene viser samla kor mange månader det tok frå saka vart motteken, til me gav svar om rett til erstatning eller ikkje. Etter 15 månader har over 90 prosent av sakene fått svar.
Saksbehandlinga steg for steg
Behovet for dokumentasjon varierer frå sak til sak. Vi tilpassar difor utgreiinga i sakene, for å ha ei så effektiv saksbehandling som mogleg. Nedanfor skildrar vi hovudløpet for mange saker, men ikkje alle.
Innleiande saksbehandling
Du kan velje om du vil sende søknadsskjemaet digitalt eller med post. Vi tilrår at du sender det digitalt, det er enklare for deg og vi kan starte saka di raskare.
Vi vil hente inn ein uttale frå den behandlingsstaden der du meiner skaden skjedde. Vi hentar òg inn eventuell annan relevant dokumentasjon, som journalar og liknande. Du vil få tilsend kopi av uttalen frå behandlingsstaden og har høve til å kommentere han.
Det gjer du enkelt på Mi side.
Saksbehandlar greier ut saka
Saksbehandlaren vil sjå på dokumentasjonen vi har fått inn og hente inn meir informasjon om nødvendig. Dei viktigaste dokumenta i saka er innspela dine, journal, uttale frå behandlingsstaden og ei sakkunnig vurdering av saka di.
Du vil bli orientert om kva som skjer undervegs i saka di. Du kan sjølvsagt òg ta kontakt med saksbehandlaren din, om du lurer på noko eller har nye opplysingar i saka.
Vurdering av dei medisinske problemstillingane i saka
Vi innhentar medisinsk sakkunnig vurdering i dei fleste sakene. Den sakkunnige skal ut frå den faglege bakgrunnen sin som spesialist gi ei vurdering av den behandlinga og oppfølginga pasienten har fått.
Saksbehandlar greier ut om du har krav på erstatning eller ikkje.
Utrekning av erstatning
Om du har rett til erstatning, vil vi finne fram til storleiken på erstatninga. I denne fasen av saksbehandlinga treng vi vanlegvis innspel og informasjon frå deg. Saksbehandlaren vil kontakte deg om dette. Det vil variere kor lang tid det tek i kvar enkelt sak. I nokre tilfelle er saka så godt opplyst at vi ikkje treng ytterlegare informasjon, men kan utbetale raskt.
Saksbehandlaren vil fastsetje erstatninga ut frå den konkrete situasjonen du er i, slik at dei noverande og framtidige økonomiske tapa dine blir dekte. Erstatninga skal dekkje dei tapa du har, som ikkje blir dekte av eventuelle sjukepengar, trygderettar og liknande.
Målet er at du skal ha tilnærma den same økonomiske situasjonen som du hadde før skaden skjedde.
Les meir om korleis vi reknar ut erstatninga.