Kva skal til for å få erstatning for ein pasientskade?

For at du skal få erstatning frå NPE, må tre vilkår vere oppfylte. Vi rår deg til å lese punkta nedanfor før du søkjer.

Skriv ut Bokmål | English | 27. juni 2019

> Kan eg søkje erstatning for skaden min?
> Søknad om erstatning

 

1. Pasientskaden må kome av svikt i behandlinga
Du må ha fått ein skade som kjem av behandling, undersøking, diagnostisering eller oppfølging. Ein slik pasientskade kan vere både forbigåande og varig. I tillegg må skaden din kome av svikt i behandlinga. Om det er den sjukdomen du blei behandla for, som er skuld i skaden, har du ikkje krav på erstatning.

I tilfelle der det oppstår ein skade utan at det kjem av svikt i behandlinga, har du normalt ikkje krav på erstatning.

I nokre heilt spesielle tilfelle kan ein få erstatning, sjølv om det ikkje har skjedd ein svikt. Dette gjeld dersom skaden er spesielt stor eller uventa.

2. Pasientskaden må ha ført til eit økonomisk tap
Pasientskaden må som hovudregel ha ført til eit økonomisk tap, utover det du likevel ville ha hatt. Formålet med erstatninga er altså å dekkje ekstra utgifter som kjem av pasientskaden. Dette kan til dømes vere utgifter til legebehandling, medisinar, transport og liknande. Du kan òg få erstatning for inntektstap eller tap av forsørgjar.

Er det økonomiske tapet under 10 000 kroner, kan du ikkje krevje erstatning frå NPE. Du kan i staden vende deg direkte til den behandlingstaden der skaden skjedde.

Har du hatt forbigåande plager eller ei dårleg oppleving, men ikkje eit økonomisk tap, vil du ikkje få erstatning. Du kan heller ikkje få erstatning som «plaster på såret».

Meinerstatning for ikkje-økonomisk tap
I nokre tilfelle kan du få erstatning sjølv om du ikkje har noko økonomisk tap, om du har fått ein varig og monaleg pasientskade. Med varig meiner ein vanlegvis at pasientskaden varer i ein periode på minst ti år. Med monaleg meiner ein at pasientskaden må gi ein medisinsk invaliditet på minst 15 prosent.

For å fastsetje medisinsk invaliditet brukar vi ein eigen tabell for personskadar.

3. Pasientskaden må ikkje vere for gamal
Du kan søkje om pasientskadeerstatning seinast tre år etter at du burde ha forstått at det er behandlinga eller mangel på behandling som har ført til skaden. Søkjer du for seint, seier vi at kravet er forelda. Les meir om reglane for når eit krav er forelda her.