Helsepersonell varsla om fire av ti feilbehandlingar på sjukehus

Sjukehuspersonell let vere å melde frå om 61 prosent av feilbehandlingar i saker som førte til at pasienten fekk erstatning. Det viser ei ny NPE-undersøking om avvik og pasienttryggleik på sjukehusa.

Skriv ut Bokmål | English | 5. juni 2023

– Undersøkinga er med på å setje søkjelys på meldekultur og openheit om pasientskadar. Det er heilt avgjerande for at vi saman skal lukkast med å redusere feilbehandlingar, seier direktør Kristin Cordt-Hansen i Norsk pasientskadeerstatning (NPE).

Best resultat i Vestre Viken

I ei ny undersøking har NPE gått gjennom 1216 uynskte hendingar som førte til at pasientane fekk erstatning for feilbehandling. Vi spurde sjukehusa om dei hadde registrert desse sakene i avvikssystema sine. Svaret var at helsepersonellet hadde meldt frå om berre 39 prosent av episodane der pasientar var feilbehandla.

Sørlandet sykehus kjem godt ut i undersøkinga, der sjukepleiarar og legar melde frå om 54 prosent av feilbehandlingane. Vestre Viken har det mest positive resultatet, der 75 prosent av feilbehandlingane blei registrerte. Dei andre sjukehusa hamnar under 50 prosent.

- Vi jobbar kontinuerleg for at det skal vere trygt å seie frå om uynskte hendingar som rammar pasientar. Det har ført til ein god meldekultur, som vi må jobbe med kontinuerleg fordi han er sårbar, seier Anita Schjøth, spesialrådgivar ved helseføretaket Vestre Viken.

Les: Resultata frå kvart enkelt sjukehus i undersøkinga (pdf-dokument)

Ein av åtte pasientar blir feilbehandla

I 2021 er det estimert at det oppstod minst éin pasientskade i 12,8 prosent av sjukehusopphalda ved somatiske sjukehus i Noreg. Dei vanlegaste skadetypane for sjukehuspasientar oppstår i samband med medikament og ulike infeksjonar. Andre vanlege skadar har oppstått i samband med kirurgi.

Føremålet med NPE-undersøkinga er å sjå på kor mange pasientskadar som blir melde, slik at ein kan oppnå lokale forbetringar og dermed redusere pasientskadar.

Eit døme er kvinna som blei innlagd med store smerter i magen, og som døydde på sjukehuset same kveld av at hovudpulsåra sprakk. Det blei ikkje gjort CT-undersøking, noko som ville ha avdekt den kritiske tilstanden. Svikten i diagnosen førte til at vi gav dei pårørande erstatning. Diverre blei ikkje feilbehandlinga registrert som såkalla avvik eller uynskt hending på sjukehuset.

– God meldekultur reddar liv

-Feil kan føre til at vaksne og barn får forlengde sjukehusopphald og i verste fall får varige mein eller døyr på grunn av skaden. Det er ikkje vanskeleg å forstå den fysiske og psykiske påkjenninga det er å ha blitt feilbehandla. God meldekultur bidreg til betre pasienttryggleik og kan redde liv, seier Cordt-Hansen i NPE.

Det oppløftande i undersøkinga er at registreringa sjukehusa gjer av feilbehandling, som har ført til erstatning til pasienten, har auka med seks prosentpoeng frå ei tilsvarande undersøking for fem år sidan.

- Likevel må det vere ein vekkjar at nesten to av tre saker framleis ikkje blir melde inn som feilbehandling, Om få pasientskadar blir melde, blir det òg vanskeleg å oppnå forbetringar på sjukehusa, og dermed redusere pasientskadar seier Ida Bukholm. Ho er fagsjef for pasienttryggleik i NPE.

Les: NPE sitt arbeid med pasienttryggleik

Pressekontakt i NPE