Fullmektig får tilgang til Mi side

No kan Mi side óg brukast av personar som har fullmakt på vegner av nokon som ynskjer å søkje erstatning.

Skriv ut Bokmål | English | 7. august 2023

No kan personar med fullmakt på vegner av nokon som søkjer erstatning, bruke Mi side. Portalen kan brukast til mellom anna å få oversikt over dokumenta i saka og status, og å kommunisere med oss. Tilgangen vil gjere det raskare og enklare for deg som fullmektig, men òg for oss i saksbehandlinga.

For å vere fullmektig i ei sak, må du fyrst ha sendt inn ei gyldig fullmakt til oss. Du loggar deg inn på Mi side med eigen BankID.

Meir om fullmakt og fullmaktskjema

I samband med endringa vil alle avslutta saker forsvinne frå Mi side 90 dagar etter at saka blei avslutta. Dette er uavhengig av om saka blei avslått eller det blei gjort ei endeleg utbetaling. Ynskjer ein å få tilgang til saka att, kan ein ta kontakt med oss.

Jobbar med å utvide tenesta

Vi jobbar vidare med å utvide tilbodet, slik at endå fleire kan ta i bruk Mi side framover. I dag kan skadelidne sjølv, advokatar og personar med fullmakt bruke Mi side. Det vil seie at om du er etterlaten, forelder eller verje, kan du diverre ikke bruke Mi side endå.

Meir informasjon om Mi side