Kva er å rekne som helsehjelp i pasientskadelova?

Her kan du lese meir om vilkåra som må vere oppfylte for at behandlinga er dekt av pasientskadelova.

Skriv ut Bokmål | English | 15. desember 2020

For at ei sak skal falle inn under pasientskadeordninga må to vilkår vere oppfylte:

  • det må vere helsehjelp
  • helsehjelpa må vere utført av autorisert helsepersonell

Om nokon som ikkje er autorisert helsepersonell utfører helsehjelp, fell det utanfor pasientskadeordninga. Det fell òg normalt utanfor ordninga om helsepersonell har utført ei behandling som ikkje er å rekne som helsehjelp. Båe vilkåra må altså vere oppfylte.

Kva er helsehjelp?

Omgrepet helsehjelp blir brukt i ein del nyare lover, som helsepersonellova, pasient- og brukarrettslova og pasientskadelova. I pasient- og brukarrettslova blir helsehjelp definert som: "handlinger som har forebyggende, diagnostisk, behandlende, helsebevarende, rehabiliterende eller pleie- og omsorgsformål og som utføres av helsepersonell."

Dette er i tråd med definisjonen av helsehjelp i helsepersonellova.

Avgrensingar

I samband med at privat helseteneste kom inn under pasientskadeordninga, blei det viktig å trekkje tydelegare grenser om kva som er helsehjelp og kva som eventuelt fell utanfor omgrepet. Spesielt viktige er grensene mot alternativ behandling og kosmetisk behandling.

Eit viktig moment i vurderinga av om behandlinga er helsehjelp, er skadepotensialet til behandlinga. Om skadepotensialet er stort, vil det vanlegvis falle inn under definisjonen av helsehjelp.

Har pasienten ikkje fått tilstrekkeleg informasjon, og oppfattar at behandlinga er ordinær helsehjelp, vil behandlinga vanlegvis falle inn under definisjonen av helsehjelp.

Kosmetisk behandling 

Om ein utfører kosmetisk behandling, som ikkje krev kompetanse som helsepersonell, vil dette vanlegvis falle utanfor pasientskadeordninga.

Går behandlinga litt djupt under huda (invasiv), og ein brukar midlar eller metodar som normalt er reserverte for autorisert helsepersonell, vil vi normalt seie at det er å rekne som helsehjelp.

Til dømes vurderer vi at behandling med fillerar og Botox er å rekne som helsehjelp, fordi behandlinga gjeras av autorisert helsepersonell.

Alternativ behandling

Pasientskadelova omfattar alternativ behandling som blir gjort integrert i ordinær helseteneste. Om nokon eine og åleine eller i hovudsak driv alternativ behandling, er dette ikkje omfatta av pasientskadelova. Særleg vil dette gjelde der kompetansen som autorisert helsepersonell i liten grad blir brukt i den alternative behandlinga, og der behandlinga blir marknadsført som alternativ.

Til dømes kan dette vere akupunkturbehandling hos lege eller fysioterapeut, om dette er ein integrert del av den ordinære tenesta. Om ein for det meste tilbyr akupunktur, vil dette mest sannsynleg falle utanfor. Driv ein berre med alternativ behandling, er ikkje behandlinga omfatta av ordninga.

Ridefysioterapi og bassengtrening

Ridefysioterapi og bassengtrening utført av autorisert helsepersonell, er omfatta av pasientskadelova, om det er svikt i helsehjelpa som er årsaka til ein skade.

I hovudsak er det to grunnar til at ein pasient kan få medhald etter slik behandling:

  • Det må ha vore ein svikt i vurderinga av om pasienten ut frå helsetilstanden sin burde ha delteke i slik trening.
  • Pasienten trong spesiell oppfølging under treninga, som han eller ho ikkje fekk.

Hendelege uhell som ikkje har noko med desse vurderingane å gjere, fell utanfor. Til dømes er det slik at om det er greit at ein pasient ut frå helsetilstanden sin deltek i ridefysioterapi, så vil eit fall frå hest fordi hesten blir skremd ikkje vere dekt av pasientskadelova. Dette vil vere eti uhell som kan skje alle ved riding, og dette må eventuelt takast opp med ordinær ansvarsforsikring for ridesenteret.