Informasjon om kollektivavtalar

Her kan du lese meir om kva ein kollektivavtale er, og kva ein slik avtale inneber.

Skriv ut Bokmål | English | 15. desember 2020

Kven er omfatta av ein kollektivavtale

Avtalen omfattar medlemar av den innmelde foreininga.

Nye medlemar er dekt av avtalen frå innmeldingsdagen i foreininga. Melder ein seg seg ut av foreininga, er ein dekt ut kalenderåret. Ny individuell innmelding må gjerast for nytt kalenderår, om ein held fram i den private helsetenesta.

Føremålet med ein kollektivavtale

Føremålet med ein kollektivavtale er å oppfylle den melde- og tilskotsplikta  som medlemane i foreininga har til NPE i utgangspunktet. Dette gir tryggleik for medlemane og ein enklare og rimelegare administrasjon for oss. Den økonomiske innsparinga for oss kjem foreininga/medlemane til gode i form av ein rabatt i tilskota.

Ansvar dekt av ein kollektivavtale

Avtalen skal dekkje det ansvaret vi har for pasientskadar til eikvar tid i den private helsetenesta. Verksemder som høyrer til offentleg helseteneste, er òg dekt av oss, men blir finansiert ved tilskot frå det offentlege.

Oversikt over innmelde medlemar

Foreininga har oversikt over innmelde medlemar.

Kvart år innan utgangen av januar månad, sender foreininga ei oversikt over innmelde medlemar og talet sysselsette årsverk i dei aktuelle helsepersonellkategoriane, til oss.

Ansvaret vårt for skadar 

Vi dekkjer fullt ut det økonomiske ansvaret overfor skadelidne pasientar, i samsvar med gjeldande rett.

Tilskotssatsar

For nye medlemar som sluttar seg til foreininga i fyrste halvdel av året, reknar vi fulle satsar. For nye medlemar som melder seg inn i andre halvår, reknar vi halv sats.

For medlemar som melder seg ut i løpet av året, eller medlemskapet fell bort av annan grunn, reknar vi fullt årstilskot utan refusjon.

Utrekning og innkrevjing av tilskot

Vi reknar ut det samla tilskotet for foreininga. Oppgåva over talet medlemar er utgangspunktet for utrekninga.

Kravet omfattar tilskot for heile året, og etterskotskrav for nye medlemar frå året før.

Foreininga er ansvarleg for innbetaling av samla tilskot til NPE. Foreininga krev inn tilskotet frå medlemane.

Rutinar ved melde pasientskadar

Alle krav om pasientskadeerstatning skal i utgangspunktet meldast direkte til oss. Får ein medlem eller foreininga likevel meldt ein skade til seg, skal kravet formidlast vidare til oss. Medlemen skal samtidig melde til erstatningssøkjaren at forholdet er meldt vidare til oss, som vil behandle saka.

Gir erstatningssøkjaren klart uttrykk for at vedkomande ynskjer å halde helsepersonell direkte ansvarleg, skal meldinga likevel sendast vidare til oss. NPE og det aktuelle helsepersonellet vil då avklare korleis saka skal behandlast vidare.

Vi er innstilte på å overta behandlinga av slike saker, men merk at vi ikkje behandlar krav om oppreising.

Informasjon til medlemane og foreininga

Vi informerer foreininga om forhold som vedkjem avtalen og verksemda i NPE. Foreininga har ansvar for å informere og svare på spørsmål frå medlemane.

Fellesmøte

Vi innkallar til årleg fellesmøte mellom partane. På desse møta drøftar vi samarbeidet, rutinar og skadeutvikling.

Varigskap og fornying for avtalen 

Avtalen blir fornya automatisk for eit år om gongen, om ikkje ein av partane seier opp avtalen innan 1. november.

Seier foreininga opp avtalen, går ansvaret vårt fram til 1. april året etter. Denne forlenginga er nødvendig for at medlemane skal få rimeleg tid til melde seg inn til NPE individuelt .