Faktura og betalingsinformasjon

Her finn du viktig informasjon om faktura og betalingsinformasjon i samband med innkrevjing av tilskot til NPE.

Skriv ut Bokmål | English | 13. mars 2024

Elektronisk handelsformat (EHF) på faktura

EHF-faktura er ein elektronisk faktura som blir send direkte til økonomisystemet i verksemda. Fakturaen blir teken imot og lesen automatisk inn i økonomisystemet, og medfører at han kjem raskt fram til rett mottakar. Verksemda di må vere registrert i ELMA-registeret for å kunne ta imot EHF-faktura.

Ta kontakt med rekneskapsføraren eller banksambandet ditt for å opprette elektronisk faktura.

E-post-faktura

Frå 2022 sender vi faktura på e-post til verksemder som ikkje er registrerte som mottakarar av EHF-faktura.

Digipost-faktura

Dersom verksemda ikkje har EHF-faktura eller e-post, vil vi sende faktura til Digipost. Om verksemda ikkje har oppretta Digipost-bedriftskonto, vil faktura bli send i posten.

For registrering av bedriftskonto i Digipost følgjer du denne lenka.

Skattefrådrag for tilskot betalt til NPE

Hovudregelen om frådrag er regulert i skattelova § 6-1. Etter denne regelen  får ein frådrag «for kostnad som er pådratt for å erverve, vedlikeholde eller sikre skattepliktig inntekt».

Skatteetaten meiner at tilskotet til NPE fell inn under denne regelen, då det blir utøvd næringsverksemd, og kravet om innbetaling er lovpålagt. Du har såleis rett til frådrag i alminneleg inntekt for betalt tilskot.