Kva dekkjer erstatninga?

Her finn du informasjon om kva vi dekkjer ved erstatning for pasientskade.

Skriv ut Bokmål | English | 20. juni 2019

Erstatninga skal reknast ut etter lov om skadeserstatning og praksis frå domstolane. I venstremenyen finn du informasjon om korleis vi fastset erstatninga.

Vi dekkjer først og fremst økonomisk tap som følgje av behandlingsskaden. Du kan ikkje få erstatning for "tort og svie".

Om du får medhald i kravet ditt om erstatning, har du først og fremst krav på å få dekt direkte tap eller utgifter du har fått som følgje av skaden. Har du blitt arbeidsufør som følgje av skaden, dekkjer vi tapt inntekt. Vi vil òg kunne dekkje nødvendige og rimelege utgifter. Difor er det viktig at du tek vare på aktuelle kvitteringar.

Vi dekkjer ikkje utgifter som blir dekt av andre, til dømes NAV som dekkjer ulike utgifter ved sjukdom og skade. Treningsutstyr av ymse art og tekniske hjelpemiddel vil vanlegvis kunne krevjast dekt av hjelpemiddelsentralen. Du må difor undersøke kva du kan få dekt av NAV og hjelpemiddelsentralen.

Har du fått ein varig og monaleg skade, det vil seie over 15 prosent medisinsk invaliditet, kan du ha rett til meinerstatning. Meinerstatning er ein økonomisk kompensasjon for den tapte livsutfaldinga som skuldast skaden.

Vi vil rettleie deg undervegs om korleis vi går fram for å finne rett erstatning.

Utrekning av erstatninga er heilt individuell. Difor kan vi ikkje seie noko generelt om kor stor erstatninga blir etter ein bestemt skade.