Overgangsreglar

§ 21 i pasientskadelova omtalar overgangsreglar for ansvaret for pasientskadar som er valda før lova tok til å gjelde i 2003, (2009 for privat helseteneste). NPE skal òg behandle slike skadar.

Skriv ut Bokmål | English | 8. mars 2017

Pasientskadelova tok til å gjelde 1.1.2003 for offentleg helseteneste

Om skaden er valda før 1. januar 2003, men konstatert etter 1. januar 1988, skal NPE vurdere, og eventuelt dekkje erstatningskravet etter reglane for dei mellombelse ordningane med pasientskadeerstatning eller smittevernlova.

Om ein slik skade er konstatert før 1. januar 1988 eller av andre grunnar fell utanfor dei mellombelse ordningane, skal NPE vurdere og eventuelt dekkje erstatningskravet etter alminneleg erstatningsrett.

For saker som blir regulerte av mellombelse reglar som gjeld skadar valda etter 1.juli 1992, vil innfallsvinkelen bli den same - berre med eit anna skjæringstidspunkt - som for skadar konstatert etter 1. januar 1988.

Forståinga av overgangsregelen inneber at NPE skal behandle alle krav som gjeld behandling i den offentlege helsetenesta, men at avgjerda av ansvarsspørsmålet vil måtte vurderast etter forskjellige regelsett. Kva som er offentleg helseteneste går fram av forskrifta § 1 tredje ledd, og definisjonen her må òg få noko å seie for kva saker som skal behandlast etter overgangsregelen.

Nokre eksempel på handtering av krav etter overgangsregelen:

  • krav med bakgrunn i skade valda før 1.1.2003 i kommunehelsetenesta (t.d. heimesjukepleien): krav blir behandla etter alminneleg erstatningsrett
  • krav med bakgrunn i skade valda før 1.7.1992 av primærlege med driftsavtale: krav blir behandla etter alminneleg erstatningsrett
  • krav med bakgrunn i skade valda før 1.1.2003 ved privat sjukehus, men behandling i samsvar med kjøpsavtale med det offentlege: krav blir behandla etter alminneleg erstatningsrett
  • krav med bakgrunn i skade valda før 1.1.2003 av privatpraktiserande spesialist med avtale med fylkeskommune (før 1.1.2002) eller RHF (etter 1.1.2002): krav blir behandla etter alminneleg erstatningsrett

Pasientskadelova tok til å gjelde 1.1.2009 for privat helseteneste

Om skaden er valda før 1.1.2009, skal NPE vurdere og eventuelt dekkje erstatningskravet etter alminneleg erstatningsrett. Dette gjeld ikkje der skaden/erstatningskravet er meldt til skadevaldaren sitt forsikringsselskap eller på annan måte er teke til behandling, til dømes ved søksmål mot skadevaldaren, før 1.1.2009. NPE behandlar ikkje slike tilfelle, men saka blir behandla ferdig under den tidligare erstatnings-/forsikringsordninga.

Spørsmål om kravet er forelda, behandlar vi på vanleg måte i alle saker.