Helse Fonna HF

Skriv ut Bokmål | English | 24. juni 2020

Resultatet for Helse Fonna viser at 15 av 54 saker blei funne att i avvikssystemet. Det gir ein samsvarsdel på 28 prosent, noko som er litt lågare enn den samla samsvarsdelen på 33 prosent.

image.png

Samsvarsdelen for dei to største områda, ortopedi og svulstar og kreft, er langt lågare enn samla sett for alle helseføretaka.

Totalt er seks saker registrerte med dødsfall. To av desse er funne att i det lokale avvikssystemet. Ei av sakene som ikkje er funne att, handlar om dødsfall som følgje av Metexbehandling og ei sak er om dødfødsel. Dei to siste er om forseinka kreftdiagnose med forkorta levetid.

Det er berre ei av 22 ortopedisaker som er funne att i avvikssystemet. Denne saka handlar om feilplassering av skruer ved operasjon av lårbeinsbrot. Dette har ført til utoverrotasjon og nedsett gangfunksjon. Ved gjennomgang av dei andre ortopedisakene, dekkjer desse ei rekkje problemstillingar som nerveskadar som følgje av kirurgi, forseinka diagnose pga. feiltolking av røntgen, feil operasjonsmetode og brotskade ved hallux valgus operasjon.

Båe psykiatrisakene er funne att i avvikssystemet. Desse sakene dreier seg om sjølvmord og sjølvmordsforsøk.

Funne att i avvikssystem: Hjarteinfarkt som følgje av at feil åre blei blokka ut og stenta.

Ikkje funne att i avvikssystem: Forseinka diagnose av hjarteinfarkt pga. feiltolking av EKG. Auka skade som følgje av forseinka behandling.