Dette er viktig å vite ved ein pasientskade

Her finn du informasjon om viktige forhold i saksbehandlinga vår av erstatningskrav ved pasientskade, og forhold som er relevante for deg som helsepersonell.

Kommunikasjon med pasienten

Korleis snakkar du med pasienten om erstatning ved ein pasientskade?

Opplysingar frå behandlingsstaden

Vi treng relevante journalopplysingar frå behandlingsstaden som erstatningssøkjar klagar på. Det har mykje å seie for saksbehandlingstida at de sender dette så raskt som mogleg.

Klage på avgjerder i NPE

Behandlingsstadene blir normalt bedne om å uttale seg undervegs i saka, men kan ikkje klage på det endelege vedtaket.

Kan helsepersonell bli saksøkte direkte?

Som hovudregel vil personar som får ein behandlingsskade søkje erstatning i NPE. I nokre svært få tilfelle, ser vi at dei saksøkjer helsepersonell direkte. Dette er det ei viss opning for i lovverket.