Kort om erstatningssaker – prostatakreft

Visste du at NPE dei siste fem åra har gitt medhald i 61 saker som gjeld prostatakreft? Dei fleste sakene gjeld diagnostisering. Det er utbetalt 62 millionar kroner i erstatning. Gjennomsnittsalderen er 64 år då skaden skjedde.

Skriv ut Bokmål | English | 14. november 2022

Kvifor blei det medhald?

I 80 prosent av medhaldssakene har NPE konkludert med at det har skjedd ein svikt i diagnostikken. Flesteparten av sakene dreier seg om at fastlegen burde tilvist pasienten vidare på bakgrunn av forhøgde PSA-verdiar. I andre saker blei kreftdiagnosen forseinka fordi PSA-målingar ikkje blei utførte, eller utførte for seint.

Svikt i behandling er grunngjevinga i resten av sakene. Det blei brukt feil behandlingsteknikk/metode, eller det var ikkje grunnlag for operasjonen eller behandlinga som blei utført.

I alt 42 av dei 61 medhaldssakene gjeld primærhelsetenesta. Alle handlar om diagnostisering. Spesialisthelsetenesta står for 15 saker, og dei fleste gjeld svikt i behandling. Resten av sakene skjedde i privat helseteneste, eller i samband med offentleg kjøp av helsetenester.

Kva blei følgjene av svikten?

I nærare to av tre medhald førte svikten til dødsfall, forkorta levetid eller redusert von om å overleve. Andre skadar er urininkontinens og redusert seksualfunksjon.

Kvifor blei det avslag?

Det var 153 erstatningssøkjarar som fekk avslag. Grunngjevinga i nær halvparten av sakene er at det ikkje har vore svikt i behandlinga. Den nest hyppigaste årsaka, med ein tredel av sakene, er at svikt i diagnostikk eller behandling ikkje har hatt noko å seie for behandlinga. At det ikkje har vore svikt i diagnostikk er grunngjevinga i dei resterande sakene.