Ortopedi

Operasjon i feil virvel i ryggen - medhald

Ei kvinne søkte erstatning etter at ho blei operert for trong ryggmargskanal (spinal stenose) i feil virvel. Ho hadde framleis smerter og måtte opererast på nytt meir enn tre år seinare. Vi vurderte saka og kvinna fekk medhald.

Ryggkirurgi – prolapsoperasjon – medhald

Ein mann fekk varig lamming i ankelen (droppfot) etter at han fekk prolaps i ryggen. Han meinte han blei operert for seint og søkte om erstatning. Vi vurderte saka, og mannen fekk medhald.

Ryggkirurgi – prolapsoperasjon – avslag

Ei kvinne søkte erstatning etter at ho var operert for prolaps mellom dei same virvlane i ryggen fleire gonger, utan at ho blei noko betre. Ho meinte at prolapsane ikkje blei skikkeleg fjerna. Til slutt måtte virvlane avstivast. Vi vurderte saka og kvinna fekk ikkje medhald.

Brot i ryggen - diagnose - avslag

Ein mann fall ned frå eit tre. Han blei undersøkt på sjukehus. Det tok likevel fire veker før legane oppdaga at han hadde brot i ein ryggvirvel. Mannen søkte om erstatning då han meinte at han fekk varige plager fordi brotet ikkje blei oppdaga...

Skeiv stortå (hallux valgus) – operasjon - avslag

Ei kvinne blei operert for skeiv stortå. Ho søkte om erstatning då ho hadde fått ein vedvarande smertetilstand og slitasjeutvikling i stortåleddet etter operasjonen. Stortåa måtte seinare stivast av. Vi vurderte saka og kvinna fekk ikkje medhald.

Skeiv stortå (hallux valgus) – operasjon - medhald

Ei kvinne blei operert for skeiv stortå. Operasjonen var ikkje vellukka og ho måtte opererast fleire gonger. Resultatet blei dårleg, og ho søkte om erstatning fordi ho fekk vedvarande smerter og fall ut av arbeidslivet. Vi vurderte saka og kvinna fekk medhald.

Kneprotese - avslag

Ein mann søkte erstatning etter at han fekk sett inn ein kneprotese. Han meinte at protesen var sett inn feil, og at på grunn av det, svikta kneet når han gjekk. I tillegg hadde han smerter og var stiv i kneet. Vi vurderte saka og mannen fekk ikkje medhald.

Kneprotese - medhald

Ein mann søkte erstatning etter at han fekk sett inn ein protese i kneet. Han hadde framleis smerter og dårleg gangfunksjon. Det viste seg at protesen var sett inn med ei skeivstilling. Han ble difor operert på nytt. Vi vurderte saka, og mannen fekk medhald.

Knekirurgi - menisk - avslag

Ei kvinne søkte erstatning for vedvarande smerter, oppriven menisk og væskeopphoping i kneet etter ein meniskoperasjon. Vi vurderte saka og kvinna fekk ikkje medhald.

Knekirurgi - krossband - medhald

Ei kvinne søkte erstatning etter operasjon for krossbandskade. Ho meinte at ein av fleire operasjonar blei feil utført. Vi vurderte saka og kvinna fekk medhald.

Handleddsbrot - skeivstilling - medhald

Ei kvinne søkte erstatning for nedsett rørsle og smerter etter eit handleddsbrot som grodde skeivt saman. Ho meinte at brotet skulle vore operert tidlegare. Vi vurderte saka og kvinna fekk medhald.

Handleddsbrot- nerveskade - avslag

Ei kvinne søkte erstatning etter behandling for eit handleddsbrot. Ho fekk ein varig nerveskade, som ho meinte var komen til etter operasjon. Vi vurderte saka og kvinna fekk ikkje medhald.

Brot i finger - sein behandling - avslag

Ei jente var innblanda i ei trafikkulukke og fekk brot i ein finger. Ho blei operert etter tolv timar. Resultatet var at to ledd av fingeren måtte amputerast. Foreldra meinte ho blei operert for seint. Vi vurderte saka og jenta fekk ikkje medhald.

Hofteprotese - glutealsvikt - avslag

Ei kvinne fekk sett inn protese i høgre hofte. Etter operasjonen losna muskelfestet til setemuskulaturen (glutealsvikt). Ho søkte om erstatning då ho meinte at ho ikkje fekk tilstrekkeleg informasjon før operasjonen om at dette kunne skje. Vi...

Hofteprotese ute av ledd - medhald

Ei kvinne søkte erstatning for smerteplager og nedsett funksjon etter proteseoperasjon i høgre hofte. Protesen gjekk ut av ledd fleire gonger, og ho måtte opererast på nytt.  Vi vurderte saka og kvinna fekk medhald.

Operasjon i handleddet - nerveskade - medhald

Ei kvinne fekk ein nerveskade under ein operasjon i handleddet. Ho søkte om erstatning for varige plager i ein finger. Vi vurderte saka og kvinna fekk medhald.

Skulderskade - forseinka diagnose - medhald

Ein mann fall på motorsykkel under trening og skada skuldra. Han kravde erstatning for forseinka diagnostisering og behandling av skaden. Vi vurderte saka og mannen fekk medhald.